You are currently viewing Den bortkomne sonen

Den bortkomne sonen

Dette er ein lignelse om Guds kjærleik, og korleis han tek imot oss når vi kjem til han. (Lukas 15:11-32) Denne lignelsen kunne like godt heitt: Det urettferdige arveoppgjeret.

Det heile starta med at den yngste sonen ville ha sin del av arven. Bare det var uhørt! Tenk å be om sin del av arven når garden er i full drift! Men faren delar garden i to, så den yngste får sin del. Det sonen gjer då, er å selge sin del av garden. Tenk…. selge halve garden! Her hadde kanskje generasjonane før dyrka og streva slik at garden skulle bli bra. Han får sikkert ikkje den beste prisen heller, men ein del pengar får han. Tenk så fortvila den faren blei. Han kjente heilt sikkert sonen sin godt, og visste innerst inne korleis dette ville gå.

Her ser vi korleis Guds natur viser seg i faren. Den frie viljen har alle mennesker fått, og dermed står vi fritt til å forlate vår far, eller Gud.

Etter ei tid har sonen brukt opp alle pengane, og vennene han har fått, er borte vekk. Han endar opp som grisepassar, som må vera den dårligaste jobben ein jøde kunne få. Han må nå livnære seg på grisematen. Då kjem han til seg sjølv, som det står, og legg ut på den tunge vegen heim. Han skjemmes over korleis han har stelt seg, men alternativet er verre. Stoltheten blir satt til sides, og han vil heim.

Der kjem faren springande mot han! Endå han er langt vekk. Det blir full fest i heimen, og gjøkalven blir slakta. Tenk for ein opplevelse! Han håpa å kunne bli ein arbeidskar på garden, for han følte seg ikkje verdig til å kallast son. Men faren, eit bilde på Gud, har gløymt alt dumt som sonen har gjort. Han var overlykkeleg over at sonen hadde kome heim. Dette viser Guds store kjærleik til alle folk. Dersom dei er langt borte, så speidar han etter dei. Han veit at når den jordiske glansen bleiknar, så er det bare stoltheten som held dei borte frå Gud. Dei har ingen ting å frykte, for dei er Guds barn. Han tek imot alle som vender seg til han.

Den andre sonen kom då heim frå arbeidet på garden. Han blei sur då han skjøna at den ubrukelige broren hadde kome heim att, og at faren hadde full fest for han. Den eldste sonen greier ikkje å glede seg. Vi kan kjenne oss att i han også. Tenk, å ha gjort noko så vanvittig dumt, og så kome tilbake utan å få ei einaste skjennepreike! Her har han jobba på, og ingen fest er blitt halde for han.

Det han ikkje tenkte på, var at han var arving til andre delen av garden. Alt som faren hadde, kunne han betrakte som sitt! Han kjende ikkje far sin han heller. Derfor er det viktig å kjenne vår far, eller Gud. Vi har ein stor skatt, og det er ingen andre enn oss sjølv som kan hindre oss i å glede seg i Herren, og å tilgje vår bror. Både den kjødelige og åndelige broren. For Gud har tilgjeve alle som vender seg til han. Så, vi har ikkje noko alternativ vi heller. Om vi føler oss så urettferdig behandla som eit urettferdig arveoppgjer kan gjera med mennesker, må vi tilgje. For å vise at vi tilgjev, må vi kunne glede oss saman med dei som har gjort urettferdige ting mot oss. Mange ting kan ikkje endrast på, som det å selge ein gard.

Hilsen Tarjei Draugedal

Jan Ludvig

administator